Røter og framtid
Kvalitetspionéren Bremnes Seashore
Bremnes Seashore er ei av dei største familieeigde lakseoppdrettarane i Norge, med hovudkontor på Bømlo og aktivitet i både Rogaland og Vestland. Me har vore ein del av kystnæringa sidan 1937, og har vakse fram i tett samarbeid med lokalsamfunna våre.
Visjon og verdiar
«Hjarte for laks» er visjonen vår. Alt me gjer, handlar om å ta vare på laksen – og menneska, lokalsamfunna og naturen rundt han. Det er denne visjonen som driv oss, og som gjer at me stadig vil bli betre.

Verdikjeda
Heile verdikjeda vår ligg i Norge. Me klekker rogn, tek vare på smolten, forer opp laksen i skjergard og fjordar på Vestlandet. Laksen vert pakka og foredla på Bømlo. Når du ser namnet vårt, kan du vite kor laksen kjem frå – og kven som står bak. Det er kort veg frå sjø til ferdig produkt, og me kontrollerer kvaliteten i kvart ledd.

Historia vår
Historia vår startar i 1937, med ungdommen Olav Svendsen som ville prøva seg med eige fiskemottak på Bømlo. Han var ein av pionérane som starta med oppdrett av laks tidleg på 1970-talet. Sidan den gong har Bremnes Seashore vore ein del av kysthistoria.

Ein del av kysten
Me er tett knytta til lokalsamfunna der me har drift - gjennom arbeidsplassar, utdanningstilbod og samspel.
Som hjørnesteinsbedrift speler me ei viktig rolle for arbeid og utvikling langs kysten. Me er om lag 450 tilsette frå meir enn 25 nasjonar – og har ein trygg og inkluderande arbeidsplass der utvikling står i sentrum.

Selskapsleiinga
Truverd. Utvikling. Arbeidsglede. Verdiane våre forpliktar oss. Bremnes Seashore skal vere den ansvarlege leverandøren, samarbeidspartnaren og samfunnsaktøren.
Ansvarleg selskapsstyring handlar for oss om å ta vare på tillit, skape langsiktige resultat og bidra positivt i samfunnet me er ein del av. Me tar avgjerder med omtanke for miljøet, for menneska som jobbar hos oss, for kundane våre og for lokalsamfunna langs kysten.

Årsmeldingar
Her finn du dei siste årsmeldingane våre, med innblikk i drift, resultat og framtidsutsikter. For oss handlar openheit om tillit – og tillit byggjer me ved å vise korleis me jobbar, kor me står, og kor me skal.
