Historia vår

Historia til Bremnes Seashore starta i 1937, då ein 14 år gamal Olav Svendsen begynte med tarehandel på Bømlo.

Sidan har verksemda utvikla seg frå små kystnære røter til å bli ein av Noregs største private oppdrettsaktørar. Gjennom innovasjon, hardt arbeid og ei urokkelig tru på kvalitet har me gått frå tare og aure til å setja ny standard for premium laks i verdsklassen. Me var tidleg ute med å foredla laks i Norge, og har heilt sidan 1970-talet utvikla nye metodar både på sjø og land. Gjennom nysgjerrigheit og vilje til å prøve nytt, har me bygd opp teknologi og kompetanse som sikrar kvaliteten frå fisken sym i sjøen til han ligg ferdig pakka og klar til levering. Mykje har endra seg sidan starten, men noko står fast: Me skal skapa framtid for folk langs kysten, med hjarte for laksen som grunnlag, og med omtanke for både naturen og menneska rundt oss.