Verdikjeda vår
Få aktørar har heile verdikjeda slik som me. Frå rogn til ferdig måltid eig og kontrollerer Bremnes Seashore alle ledd.
Dette gir full kontroll på kvalitet, sporbarheit og berekraft frå start til slutt
Rogn
Alt startar med rogna – grunnlaget for kvaliteten i kvar einaste generasjon laks. Me nyttar rogn som sikrar sterk genetikk og friske rogn som legg grunnlaget for ein berekraftig produksjon.

Smoltanlegg
I våre klekkeri og smoltanlegg får laksen den beste starten på livet. Kontrollerte forhold gir trygg oppvekst, jamn tilvekst og robuste smolt som er klar for å flyttast ut i sjøen.

Oppdrett i sjø
I sjøfasen veks laksen seg stor i moderne merdanlegg langs kysten. Her kombinerer me avansert teknologi med tett oppfølging av biologi, fiskevelferd og miljøomsyn, slik at fisken får optimale levevilkår.

Slakting og foredling
Når fisken er klar for hausting, skjer alt i toppmoderne anlegg på Bømlo. Prosessanlegg basert på levandekjøling og pre rigor-filetering, kombinert med god hygiene og fagkunnskap gjer at me leverer lakseprodukt av jamn og førsteklasses kvalitet.

Pakking og distribusjon
Frå Bømlo går laksen ut til marknader i heile verda. Med streng kontroll på sporbarheit, tryggleik og temperatur sikrar me at kvar sending når fram i perfekt stand – fersk, trygg og presis.

Kokk og forbrukar
Reisa sluttar først når laksen står på tallerkenen. Frå stjernekokkar til heimlege kjøkken blir premium laks frå Bremnes Seashore nytta i måltid som er til å stola på – kvar einaste gong.
