Vår rolle i lokalsamfunna

Ein del av kysten

Bremnes Seashore har vakse fram i takt med lokalsamfunna våre – og me står støtt fordi me står saman med dei. Me er ein viktig arbeidsplass for mange, men også ein del av noko større: Eit levande kystmiljø der folk, fag og framtid heng saman.

Vår rolle i lokalsamfunnet

Me finst langs kysten frå Rogaland til Vestland – med base på Bømlo og lokalitetar, anlegg og fabrikkar i fleire kommunar. Her jobbar folk som kjenner havet, naturen og kvarandre. Lokalsamfunna gjev oss kompetanse og arbeidskraft – og me gjev tilbake i form av trygge arbeidsplassar, lærlingplassar og samarbeid med skular og lag.

Kunnskap og framtid

Me samarbeider tett med vidaregåande skular og legg til rette for lærlingar innan havbruk, automasjon og fiskeindustri. Me trur på å gi unge ein sjanse – og på å byggja kompetanse lokalt, slik at verdiskapinga blir verande der ho høyrer heime.

Engasjement og samarbeid

Me støttar lokale initiativ, lag og foreiningar som bidreg til aktivitet og samhald. For oss er sponsorstøtte ikkje reklame – det er eit bidrag til trivsel, læring og fellesskap i dei lokalsamfunna me er ein del av.