Strategisk utvikling

Leiarar i konsernet

Bremnes Seashore er leia av konsernsjef Linda Litlekalsøy Aase og konsernleiargruppa. Leiinga har ansvar for strategisk utvikling av konsernet, og rapporterer til konsernstyret. Konsernleiinga arbeider tett på heile verdikjeda vår, frå rogn til ferdig produkt, og set retninga for langsiktig verdiskaping.

"Gjennom verdiane våre – utvikling, truverd og arbeidsglede – skal me forme ei leiing som styrkjer fiskevelferd, forenklar og effektiviserer, utviklar folk og skapar meirverdi. Det krev leiarar som både vil og vågar å ta ansvar, og som gjer rom for vekst – i seg sjølv og i andre."

konsernsjef Linda Litlekalsøy Aase

Konsernstyret

Konsernstyret er vald av eigarane gjennom generalforsamlinga, og er det øvste styringsorganet i selskapet. Styret set overordna strategi, mål og rammer for verksemda.

Styreleiar Jan Sverre Røsstad (biletet), har med seg styremedlemmene Olav Svendsen, Laila Knarvik, Tonje Michaelsen-Svendsen, Eivind Sæverud, Hans-Petter Nesse, Nils Viga, Siri Tømmerås, Marte Sætre (vald av dei tilsette) og Jarle Jensen Haugo (vald av dei tilsette).