VÃ¥re etiske retningslinjer

Code of Conduct

"Code of Conduct er vår etiske standard i Bremnes Seashore-konsernet, som er retningsgivande for korleis me skal oppføre oss i arbeidskvardagen. Standarden skal bidra til at me tar gode og rette val som samsvarer med verdiane våre: utvikling, truverd og arbeidsglede."

konsernsjef Linda Litlekalsøy Aase

Kva er vår etiske standard?

Gjennom å opptre etisk og ansvarleg, får me tillit frå medarbeidarar, eigarar, forretningspartnarar og samfunnet elles – og blir i stand til å møte forventningar frå kundar, forbrukarar, lokalsamfunn og styresmakter.

Vår etiske standard beskriv kva som er forventa av kvar enkelt og konsernet som heilskap når vi samhandlar med kvarandre og våre interessentar. Den etiske standarden gir oss eit sett med levereglar, og ved å etterleve desse reglane sikrar me at me alltid handlar i tråd med dei krava som blir stilt til oss.

Kven er standarden for?

Me som handlar på vegner av Bremnes Seashore-konsernet følgjer alltid vår etiske standard. Dette gjeld alle leiarar og tilsette, innleigde medarbeidarar, konsulentar og eksterne som er knytt til verksemda vår – uansett kor i verda me er.

Me forventar også at deleigde selskap, leverandørar og samarbeidspartnarar til Bremnes Seashore-konsernet lever opp til vår etiske standard.

Vi har alle ansvar for å sette oss inn i vår etiske standard. Sidan den ikkje kan beskrive rett handlingsmåte i alle moglege situasjonar, må vi bruke sunn fornuft og god dømmekraft i tråd med våre etiske grunnprinsipp.

Vi spør om vi er usikre på noko. Dersom vi får kjennskap til brot eller moglege brot på selskapets etiske standard eller gjeldande lover eller reglar, skal vi rapportere dette gjennom Bremnes Seashore-konsernets varslingskanal så snart som råd.

Vi har alle ansvar for å bidra til godt medarbeidarskap. Dette handlar om å ta ansvar og å bidra i oppgåver og arbeidsmiljøet i avdelinga, og ikkje overlate alt ansvar til leiar.

Vi skal alltid gå føre med eit godt eksempel, der vår etiske standard og verdiane til konsernet er integrerte i vår personlege framferd og forretningsdrift. Vi skal skape eit ope og tillitsfullt klima i avdelinga vår, der det er trygt å ta opp spørsmål og bekymringar om etiske spørsmål og etterlevinga av etisk standard.

Vi leiar etter prinsippa ver tilgjengeleg, snakk ut, sjå opp, bygg team og løft fram – for å for å skape eit godt sosialt klima i avdelinga og legge til rette for godt medarbeidarskap.

Som leiarar skal vi sørge for at alle tilsette i avdelinga har gjennomført årleg opplæring i vår etiske standard.

Ansvarleg forretningsskikk er sjølve grunnlaget for å drive verksemda vår. Det er eit ansvar vi tar svært alvorleg. Bremnes Seashore-konsernet skal gå fram med integritet og ein høg etisk standard.

Bremnes Seashore-konsernet har ansvar for at alle tilsette har opplæring i den etiske standarden vår og etterlevinga av denne, og at dei tilsette får høve til etisk refleksjon rundt eigne arbeidsoppgåver.

Vi skal behandle alle varsel på ein grundig, konfidensiell og upartisk måte. Informasjonsdeling vil berre skje til personar som undersøker saka.

Bremnes Seashore-konsernet skal skape ein trygg og mangfaldig arbeidsplass for alle tilsette og gjere oss attraktive for alle interessentar.

Etterleving

I Bremnes Seashore-konsernet jobbar me systematisk med å sikre at vår etiske standard og gjeldande lover og reglar blir følgde.

Konsernet aksepterer ikkje brot på vår etiske standard eller gjeldande lovgiving. Brot eller omgåing av den etiske standarden kan føre til disiplinære tiltak, og i alvorlege tilfelle til oppseiing og rettsleg forfølging. Det same gjeld den som instruerer til, aksepterer eller kjenner til slike brot utan å melde frå.

For å skape resultat og verdiar, er Bremnes Seashore-konsernet avhengig av at me lever opp til ein høg etisk standard i all vår verksemd.

HMS er kontinuerlig forbetring, og vi har kvar og ein eit personleg ansvar for å gå føre som gode eksempel i arbeidskvardagen vår og delta i det førebyggande arbeidet.

I tråd med medverknadsplikta bidrar vi i HMS-arbeidet gjennom å vere årvakne for farlege forhold og å melde frå om desse før vi eller kollegaer skadar oss.

Vi jobbar i ei bedrift der fleire avdelingar har høgare risiko for skadar og ulykker. Her er vi ekstra bevisste på farar og risikomoment, og tar gode val sånn at vi unngår snarvegar og farlege situasjonar.

«Trygt heim» er konsernets filosofi for ein sikker arbeidskvardag. Vi skal jobbe så trygt at vi kjem trygt heim – kvar dag. Det inneber bruk av rett verneutstyr der dette er påbode, og at vi vel arbeidsmetodar som reduserer sjansen for risikofylt framferd.

Vi har òg eit ansvar for å bidra inn i det sosiale fellesskapet, slik at vi skaper gode arbeidsmiljø i avdelingane. Dette gir arbeidsglede og auka trivsel på jobben.

Bremnes Seashore-konsernet er ein rusfri arbeidsplass, og vi aksepterer ikkje at tilsette er påverka av narkotika eller alkohol på jobb. I sosiale samanhengar kan representantar for konsernet konsumere moderate mengder alkohol der dette er forventa og passande. Alkoholbruk blir aldri akseptert som gyldig grunn for å bryte dei etiske retningslinjene.

I samarbeid med AKAN jobbar vi kontinuerleg med å førebygge og hjelpe tilsette med rus- og avhengigheitsproblematikk. AKAN er ein organisasjon som arbeider for å førebygge rusmiddelproblem i norsk arbeidsliv, og medverkar til at tilsette med slike utfordringar får hjelp. Gjennom AKAN-arbeidet ønsker vi å etablere gode system for å hindre og tidleg gripe tak i risikofylt bruk av rusmiddel, medikament og spel. Vi arbeider òg med å etablere hjelpetilbod for tilsette som har behov for det.

I Bremnes Seashore-konsernet respekterer vi menneskerettane, og behandlar alle menneske likeverdig. Drifta vår skal alltid vere i tråd med internasjonalt anerkjende menneskerettsstandardar, inkludert arbeidstakarrettar. Konsernet skal ikkje ta del i brot på menneskerettane, og vi gjer ikkje forretningar med nokon som vi veit har stått for brot på menneskerettane.

Vi sikrar trygge arbeidsforhold i alle deler av drifta vår. Vi aksepterer ikkje noko form for tvangsarbeid, og støttar avskaffinga av barnearbeid. Alle som arbeider i Seashore-konsernet skal få rettferdig betaling, og løn og arbeidstid skal alltid vere i tråd med nasjonal og internasjonal lovgiving og industristandardar.

Konsernet respekterer ytringsfridomen, organisasjonsfridomen og retten til kollektive forhandlingar. Det betyr at alle tilsette i konsernet har rett til å stifte eller melde seg inn i arbeidstakarorganisasjonar.

I Bremnes Seashore-konsernet aksepterer vi ikkje noko form for diskriminering.

Diskriminering omfattar forskjellsbehandling eller utestenging basert på kjønn, alder, etnisk opphav, nasjonalitet, religion, funksjonsevne, fagorganisering, politisk tilhøyrsel eller seksuell legning.

Vi aksepterer heller ikkje noko form for trakassering eller handlingar som kan oppfattast som støytande eller trugande – for eksempel uønskte seksuelle tilnærmingar.

Bremnes Seashore-konsernet gir berre sponsormidlar når det er i tråd med konsernets etiske standard og retningslinjene våre for sponsormidlar, og sponsinga er basert på legitime forretningsinteresser og samfunnsansvaret vårt. Sponsormidlar skal ikkje kunne påverke personar eller organisasjonar til å handle på ein særskilt måte.

Vi skal også vere særskilt merksame når mottakarar har nære band til offentlege tenestepersonar eller eksisterande eller potensielle forretningsforbindelsar

Konsernet har eit årleg sponsorbudsjett. Ein intern komité avgjer tildelingar av midlar to gonger i året, etter søknad på nettstaden.

Bremnes Seashore-konsernet skal vere ei positiv kraft i lokalsamfunna der vi har drift. Vi skal derfor ha ein god dialog og samarbeid med lokalsamfunna og interessentar rundt anlegga våre. Gjennom arbeidsplassar, innkjøp og sponsorarbeid skal vi bidra til livskraftige og mangfaldige lokalmiljø langs kysten.

Vi sørger alltid for at rapportering og anna informasjon til styresmaktene er korrekt og sannferdig.

Bremnes Seashore-konsernet støttar føre-var-prinsippet for miljøutfordringar, og kartlegg systematisk korleis drifta vår påverkar miljøet. Vi identifiserer og handterer potensiell miljørisiko, og informerer relevante interessentar om risikoane.

Konsernet tar stadig større miljøansvar gjennom utvikling og bruk av meir miljøvenlege teknologiar og metodar. Vi skal redusere miljøpåverknaden vår gjennom berekraftig bruk av naturressursar, redusert matsvinn og redusert forureining. Vi legg stor vekt på fiskevelferd og biologisk mangfald i alle delar av drifta vår.

I Bremnes Seashore-konsernet har vi nulltoleranse for korrupsjon. Dette betyr at ingen tilsette i konsernet skal vere involvert i korrupsjon, verken direkte eller via mellommenn.

Korrupsjon er at nokon gir, tar imot, aksepterer, får tilbod om, eller etterspør ein utilbørleg fordel i samband med ein posisjon, ei stilling eller eit verv.

Kva som er korrupsjon, må definerast i kvar einskild sak basert på til dømes formålet med tilbodet eller etterspurnaden, verdien, mottakaren sin posisjon og kor open handlinga er. Som ei generell retningslinje er eit tilbod eller ein fordel korrupsjon dersom det kan påverke, eller oppfattast til å påverke, mottakaren si evne til å ta fornuftige og objektive avgjersler. Eit godt kontrollspørsmål er om handlinga eller situasjonen toler offentlegheitas lys. Er du usikker eller kjem i ei gråsone for korrupsjon, ta kontakt med internadvokat.

Dersom ein person eller eit selskap betalar ein offentleg tenesteperson pengar som motyting for å få ein offentleg kontrakt eller lisens, kallar vi det bestikking. Dette er ei vanleg form for korrupsjon. Vi skal aldri foreslå, tilby, gi eller ta imot bestikkingar eller andre fordelar i vår kontakt med offentlege styresmakter eller noverande og potensielle forretningsforbindelsar.

I Seashore-konsernet har vi nulltoleranse for korrupsjon. Dette omfattar også indirekte korrupsjon og påverknadshandel.

Indirekte korrupsjon er når ein mellommann gir bestikkingar på vegner av andre. Om for eksempel ein agent, eksportør eller konsulent gir bestikkingar på vegner av ein klient, er dette eksempel på indirekte korrupsjon.

Påverknadshandel er nok ei form for korrupsjon, og føregår ved at nokon engasjerer ein mellommann for å påverke ein tredjeperson. Eit eksempel på dette er der eit firma betalar ein tilsett i eit anna firma for å påverke ein av sine kollegaer, og der kollegaen som blir påverka ikkje er klar over dette.

For å unngå risikoen for indirekte korrupsjon, vil Seashore-konsernet nøye vurdere og følge opp våre forretnings- og samarbeidspartnarar. Vi skal også unngå alle formar for påverknadshandel. Dersom vi tar i bruk lobbyistar eller liknande, så skal dette godkjennast av internadvokat og alltid skje med full openheit om at personane arbeider på vegner av Seashore-konsernet.

For å sikre at vi etterlever anti-korrupsjonslovene, har vi strenge reglar for når vi i Bremnes Seashore-konsernet kan gi eller ta imot gåver eller representasjon i samhandlinga med forretningsforbindelsar.

Avhengig av omstenda kan gåver, representasjon og dekking av kostnader vere fordelar som kan bli rekna som korrupsjon. Omgrepet «representasjon» inkluderer til dømes underhaldning, restaurantbesøk, reiser og opphald. Moderat møtemat går utanom omgrepet.

Vi som arbeider i Bremnes Seashore-konsernet skal vere forsiktige med å gi eller ta imot gåver. Gåver frå Seashore-konsernet skal på førehand godkjennast av internadvokat. Dersom vi tek imot gåver, skal dei vere av moderat verdi – maksimalt 500 norske kroner. Beløpsgrensa gjeld for alle gåver frå same givar per år. Det er alltid forbode å gi eller ta imot pengar. Tidspunktet for gåva må vere passande.

Vi som arbeider i Bremnes Seashore-konsernet, kan berre gi eller ta imot representasjon med forretningsforbindelsar der det er ein tydeleg og legitim forretningsmessig grunn for det, og der representasjonen er moderat i form av kor ofte og kor stor verdi han har. Staden og tidspunktet må også vere passande.

Som hovudregel dekker Bremnes Seashore-konsernet reise, opphald og andre tilhøyrande kostnader for alle som arbeider i Seashore-konsernet, i tråd med våre interne prosedyrar og reisereglement. Våre forretningsforbindelsar dekker tilsvarande kostnader for sine tilsette.

Samhandling med offentlege tenestepersonar krev særleg merksemd. Vi som arbeider i Bremnes Seashore-konsernet, skal derfor aldri gi noko form for gåver eller representasjon til offentlege tenestepersonar utan at det er godkjent av internadvokat i kvart tilfelle.

Med «offentleg tenesteperson» meiner vi ein person som er utnemnd eller vald til lovgivande, administrativt eller dømmande verv, person som har eit offentleg embete eller stilling i eit offentleg organ eller selskap (til dømes statleg eigd selskap), eller ein representant for ein offentleg internasjonal organisasjon. Vi legg tilsvarande standard til grunn også for inspektørar som representerer klasseselskap, sertifiseringsordningar og kundar.

Ei interessekonflikt kan oppstå når nokon har personlege interesser som kan påverke deira profesjonelle framferd. Vi i Bremnes Seashore-konsernet har ansvar for straks å varsle leiaren vår om potensielle interessekonfliktar.

Ved potensielle interessekonfliktar må Bremnes Seashore-konsernet vurdere om dette kan påverke den tilsette sin lojalitet til konsernet. Det kan vere vanskeleg å vurdere eigen situasjon, og den tilsette skal derfor overlate til leiar å vurdere interessekonflikten. Denne regelen har vi både for å verne den tilsette og konsernet. Dersom vi kjenner til interessekonfliktar, kan vi også bruke varslingskanalen i konsernet.

Kvitvasking er ulike slag handlingar som medverkar til å sikre inntekt frå kriminell verksemd gjennom finanssystemet for å skjule kor pengane stammar frå. Utbyttet kan vere alt som har ein verdi, for eksempel pengar, produkt, eigedelar eller eigedomar, og kan oppstå i mange former og transaksjonar.

Kvitvasking er ulovleg og uetisk, og i Bremnes Seashore-konsernet skal vi ikkje ta del i noko form for direkte eller indirekte kvitvasking. Vi skal derimot vere aktsame for uvanlege utbetalingar, fakturaer eller bankdetaljar som kan indikere forsøk på kvitvasking.

Vi arbeider etter prinsippa om fri og rettferdig konkurranse. Avgjersla om kven vi handlar med, og prisane for våre produkt og tenester, ligg åleine hos Bremnes Seashore-konsernet. Samtidig skal vi ikkje prøve å påverke våre konkurrentar, eller delta i samarbeid som avgrensar konkurransen og kan vere brot på konkurranselovgivinga. Vi deltar heller ikkje i drøftingar som har formål om å dele marknader eller landområde mellom oss og konkurrentar.

Vi avgrensar kommunikasjonen med konkurrentar og potensielle konkurrentar, og deler ikkje kommersielt sensitiv informasjon. Ingen tilsette i Bremnes Seashore-konsernet skal delta i diskusjonar eller samhandling med ein konkurrent som kan utgjere brot på konkurranselovgivinga. Slike diskusjonar kan til dømes vere drøftingar om prisar, strategiar eller forretningstaktikk.

Dersom vi blir kontakta for å drøfte tema som kan vere brot på konkurranselovgivinga, skal vi ikkje svare, men med ein gong melde dette til internadvokat.

Statar har vanlegvis lover som regulerer eksport av varer, tenester, menneske og teknologi. Eksportrestriksjonar kan vere innførte på grunn av norske eller internasjonale sanksjonar mot eit anna land eller personar.

Bremnes Seashore-konsernet skal alltid etterleve alle aktuelle sanksjonar og lover om eksportkontroll. Vi undersøker derfor alltid lister over eksportrestriksjonar før vi gjer avtalar med nye kundar. Det er utarbeidd ein prosedyre for eksportkontroll og sanksjonar som skal sikre at vi handlar i tråd med lovene på området.

Bedrageri – gjerne omtalt som svindel i daglegtale – å skaffe seg eller andre ei urettmessig vinning ved anten å lure nokon til å gjere eller unnlate å gjere noko som påfører dei tap eller fare for tap, eller urettmessig påverke resulatet av ei automatisert databehandling. Bedrageri kan mellom anna omfatte manipulasjon av datasystem eller rekneskap (eller annan informasjon).

Bremnes Seashore-konsernet har nulltoleranse for bedrageri mot konsernet, medarbeidarar eller forretningsforbindelsar.

For å sikre at verksemda vår følger prinsippa i vår etiske standard, set vi også krav til at forretningsforbindelsane våre skal ha etisk forretningsdrift og følge lover og reglar. Vi har derfor teke i bruk ein prosedyre for selskapsgjennomgang av forretningsforbindelsar og deira integritet, som gir nærare rettleiing.

Personvernreglane vernar integriteten og konfidensialiteten til privat informasjon. Vi tar vare på personvernet til tilsette og andre vi kjem i kontakt med. Vi brukar berre personopplysningar der det er nødvendig, og opplysningane blir behandla i tråd med personvernlovgivinga og våre interne prosedyrar.

Nettangrep og anna vondsinna aktivitet er ein kontinuerleg trussel, og dataangrep kan få store konsekvensar for konsernet. Vi følgjer derfor krava i IT-policyen vår, og er merksame på forsøk på sosial manipulasjon der vondsinna aktørar prøver å lure ut informasjon frå datasystema våre frå personar med legitim tilgang.

I arbeidet får vi tilgang til og produserer informasjon som er viktig for konsernet. Denne informasjonen kan også vere av verdi for våre konkurrentar og andre. Slik informasjon kan til dømes vere prisar, kundelister, produksjonsdata, strategiarog arbeidsmåtar. Vi har derfor teieplikt om slik informasjon, også etter at vi har slutta i konsernet.

Vi kan gjennom arbeidet bli kjent med informasjon om børsnoterte selskap som ikkje er offentleg tilgjengeleg. Slik informasjon kan reknast som innsideinformasjon som er eigna til å påverke aksjekursen til selskapa. Vi har teieplikt om innsideinformasjon vi får kjennskap til, og vi har ikkje lov til å bruke informasjonen til personleg vinning. Vi handlar aldri med aksjar i selskap som vi har innsideinformasjon om.

Bremnes Seashore-konsernet eig forretnings- og bedriftshemmelegheiter, knowhow, patentar, varemerke, design og opphavsrettar. Samla blir desse kalla ikkje-materielle eller immaterielle rettar. Desse rettane har stor verdi for oss, og konsernet er derfor opptatt av å verne om dei.

Seanett via Workvivo er Bremnes Seashore-konsernet sin interne kommunikasjonsplattform.

I ekstern kommunikasjon gjer vi det alltid tydeleg at vi ytrar oss som privatpersonar når vi deltek i det offentlege ordskiftet, i politisk verksemd eller i andre aktivitetar i tråd med ytringsfridomen vår. Vi skal ikkje gi inntrykk av at vi ytrar oss på vegner av Bremnes Seashore-konsernet.

Berre dei som har fullmakt kan ytra seg på vegner av konsernet. Dette gjeld også til media og offentlege styresmakter. Alle som skal uttale seg i offentlegheita må rådføre seg med direktør kommunikasjon og samfunnskontakt på førehand. Vi viser til konsernsjef eller direktør kommunikasjon og samfunnskontakt om vi får spørsmål frå media.

Vi sørger også alltid for at rapportering og annan informasjon til styresmaktene er rett og sannferdig. Økonomisk rapportering, rekneskap og informasjon til samarbeidspartnarar, leverandørar og kundar er alltid korrekt og gir eit korrekt bilde av den økonomiske situasjonen til konsernet.

Forretningsforbindelsar

Me har klare forventningar til våre forretningsforbindelsar sin etiske standard. Dette gjeld alle som Bremnes Seashore-konsernet gjer forretningar med.

Varsling

Dersom vi får kjennskap til brot eller moglege brot på Seashore-konsernets etiske standard eller gjeldande lovgiving, skal vi rapportere dette gjennom konsernets varslingskanal så snart som råd. Er vi usikre, skal vi varsle.