← Tilbake til ledige stillingar
Teknikar til Settefiskanlegg (RAS) på Trovåg
Søknadsfrist: 31. juli 2026

Bremnes Seashore-konsernet er ein av Noregs leiande leverandørar av oppdrettslaks. Med lang erfaring, høg kunnskap om oppdrett og innovasjon i alle delar av prosessen, har vi utvikla kvalitetsprodukt som blir etterspurde over heile verda. Ved vårt topp moderne pakkeri og foredlingsanlegg på Bømlo produserer vi 500 000 laksemåltid kvar dag. Med omlag 450 tilsette er vi ein viktig arbeidsgjevar og ein aktiv støttespelar i lokalsamfunna der vi har aktiviteten vår.
Verdiane våre er utvikling - truverd - arbeidsglede.
Arbeidsoppgåver
Hos oss vil du få ei variert og praktisk rolle med ansvar for:
- Drift og vedlikehald av anlegg
- Feilsøking og handtering av tekniske problem
- Deltaking i planlagde prosjekt
- Aktiv deltaking i den daglege drifta
- Rapportering og systematisk journalføring
Arbeidet inngår i ei turnusordning
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har:
- Teknisk fagbrev (t.d. automasjon, elektro, mekanisk eller liknande)
- Relevant arbeidserfaring frå tilsvarande arbeid
- Sterkt fokus på HMS og kvalitetsarbeid
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Kven er du?
For å trivast i rolla trur vi at du:
- Er arbeidsam, strukturert og sjølvgåande
- Evnar å prioritere godt – både i hektiske og rolege periodar
- Er engasjert, løysingsorientert og har ei positiv innstilling
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og spelar andre gode
Kvifor velje oss?
Hos oss får du:
- Ei spanande rolle i ein bransje i sterk utvikling
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Konkurransedyktige vilkår
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilgang til firmahytter i Røldal, Voss og Spania