BÖMLO Criterion

Eksklusiv kvalitet til kresne restaurantkokkar

Med heil fisk som er handplukka etter dei strengaste kvalitetskriteria og pakka i eksklusiv, berekraftig og forsegla emballasje, har det nye premiumkonseptet BÖMLO Criterion både fått innpass i fasjonable restaurantar og vunne prisar for innovativ innpakking.

Seljarane i Sjór ønskte i 2021 eit unikt konsept for heil laks mynta på kvalitetsbevisste kundar i den europeiske hotell-, restaurant- og cateringsmarknaden (horeca). Ei breitt samansett prosjektgruppe frå Sjór, Myobiotec og Bremnes Seashore tok utfordringa. Saman utvikla dei BÖMLO Criterion. 

Den beste av den beste 

No kan utvalde kokkar kvar veke opne den forsegla BÖMLO Criterion-eska, lese kvalitetsbrosjyren og deretter hente ut to handplukka kvalitetslaksar som er utvalde etter dei ekstra strenge kriteria som har gitt namnet til produktet. 

BÖMLO Criterion blir blant anna levert til fleire fasjonable restaurantar med Michelin-stjerner.

Silje Nilsen • Teamleiar i Sjór

– På grunn av korona og stengte restaurantar, er vi framleis litt i startgropa med BÖMLO Criterion. Vi leverer no rundt 1,4 tonn i veka, men har stor tru på at salet vil ta seg opp når pandemitiltaka lettar. Dei viktigaste kundane er restaurantar, samt fiskebutikkar og fiskemarknader som forsyner restaurantar med ingrediensar. Produktet har størst suksess i Sør- Europa, og vi har ein distributør i Barcelona som tar det meste av volumet. Han leverer blant anna til fleire fasjonable restaurantar med Michelin-stjerner, fortel Silje Nilsen i Sjór, som leiar salsteamet for Europa. 

Det er ikkje berre fisken som gjer BÖMLO Criterion til eit eksklusivt produkt. Også den nyskapande emballasjen bidrar til premiumkjensla. 

– Emballasjen kombinerer estetikk og funksjonalitet på ein ypparleg måte. Cretalux, som står bak det visuelle utrykket, har skapt eit design som både tar seg godt ut og reflekterer kvalitetsinnhaldet oppi eska. Samtidig har industridesignar Johan Verde, emballasjeprodusent Smurfit Kappa og dyktige medarbeidarar frå pakkeriet og logistikk hos Bremnes Seashore skapt ein emballasje som opprettheld kjølekjeda – slik at fisken bevarer den gode kvaliteten heilt fram til kunden, poengterer Nilsen og Simon Nesse Økland, Group Communication Officer i Bremnes Seashore. 

Vann verdsomspennande pris for innovativ emballasje 

Dei forklarer at emballasjen er sett saman av to esker, der den ytre pappeska er 100 prosent resirkulerbar. Den indre eska har eit tynt fuktavvisande aluminiumssjikt som held temperaturen stabilt låg, samtidig som han beskyttar pappen og kan gjenvinnast. 

Nyvinninga har skapt begeistring i emballasjebransjen. I den nordiske emballasjekonkurransen Scanstar 2021 gjekk BÖMLO Criterion heilt til topps i september, og like oppunder jul vann nyvinninga òg den verdsomspennande emballasjeprisen WorldStar 2022. 

– Utmerkingane fortel at vi har gjort mykje rett i dette prosjektet. Totalt sett vil eg seie at BÖMLO Criterion er eit resultat av god jobbing i heile verdikjeda, der vi til dømes ser effekten av det gode og viktige samarbeidet mellom Bremnes Seashore og Sjór. I dette samspelet kjem det heilt sikkert til å skje meir spennande nyvinning i åra som kjem, varslar Økland. •