Storsatsing til 400 millionar 

Kundane ønsker meir og fleire av merkevarene til konsernet. Det skal vi levere, og utbygginga av vår topp moderne foredlingsfabrikk og kjølehall er nøkkelen.

I Kvednavikjo er rivings- og grunnarbeidet til ny kjølehall, samt innfrysingstunnelar og fryselager godt i gang. I første halvdel av 2022 startar òg detaljprosjekteringa av den nye foredlingsavdelinga, som får eit mangedobla areal samanlikna med dagens foredlingsfabrikk – som sidan 1992 har vore eit laboratorium for kvalitetsforbetring og nyskapande produkt. 

Meir av laksen skal bli menneskemat 

Behovet for å gi forbrukarane rundt om i verda meir av dei marknadsleiande merkevarene SALMA og BÖMLO ligg i botn for utvidinga. 

– Forbrukarane etterspør meir foredla produkt. I den nye foredlingsavdelinga får vi kapasitet til å foredle betydeleg større laksevolum enn vi gjer i dag, og vi blir langt betre rusta for å drive utvikling av nye produkt, poengterer Laila Knarvik, Group Technology & Sustainability Manager. 

Betre utnytting av heile laksen er ein av berebjelkane i satsinga. Endå meir av fisken skal no bli menneskemat. 

Målet vårt er kort og godt å bygge verdas mest moderne og effektive foredlingsfabrikk.

Geir Ivar Ådnanes • fabrikksjef

– I den nye fabrikken skal vi foredle ein større del av lakseproduksjonen vår, og vi skal utvikle foredla produkt frå større delar av fisken. Målet er å auke bruken av restråstoffet – det vil seia alt som er igjen etter filetering – frå 18 til 75 prosent. Ved å forbetre råvareutnyttinga på denne måten styrker vi verdiskapinga, lønnsemda og berekrafta ytterlegare, noko som igjen gir positive ringverknader rundt oss, fastslår Knarvik. 

Minskar karbonavtrykket 

Det er meir klima- og miljøvenleg å transportere foredla produkt enn heil fisk. Samtidig legg den nye kjølehallen grunnlaget for å kunne flytte meir fisketransport bort frå fly og over på bil, bane og båt – noko som vil redusere karbonavtrykket til laksen ytterlegare. 

– Kundane ønsker i stadig større grad mat med minst mogleg utslepp. Det vil derfor bli auka eksport av frosne produkt i framtida, ei utvikling vi no førebur oss på, konstaterer teknologi- og berekraftsjefen. 

Utan å kunne forskottere kva tekniske løysingar som vil bli valde i detaljprosjekteringa, seier prosjektleiar Kjetil Løvaas at det skal byggast ein foredlingsfabrikk med høg grad av energieffektivitet – der det mellom anna blir gjenbruk av varmeenergi skapt av dei nye kjøleaggregata. Automatisering og digitalisering av produksjonslinjene vil òg stå heilt sentralt. 

Dei tilsette får ein lettare arbeidskvardag med betre HMS og færre statiske arbeidsstillingar.

Kjetil Løvaas • prosjektleiar

– Slik vil vi kunne sikre ein jamnare og meir effektiv produksjon med betre produktsporing, samtidig som dei tilsette får ein lettare arbeidskvardag med betre HMS og færre statiske arbeidsstillingar. Automatiseringa vil òg gjere fabrikken til ein attraktiv arbeidsplass for folk med teknisk bakgrunn, poengterer Løvaas. 

Heile utbygginga skal vere ferdigstilt innan utgangen av 2023. For å stette etterspørselen frå kundane, skal dagens fabrikk produsere for fullt i heile anleggstida. 

– Det betyr at det kan bli periodar dei neste to åra der utemiljøet vårt framstår som uryddig, og vi håpar på tolmod og forståing for dette, seier Ådnanes, Løvaas og Knarvik. •