Miljø og klima

Vårt lakseoppdrett går føre seg i viktige naturmiljø i Rogaland og Vestland, og målet vårt er å vere leiande på miljøvenleg havbruk. All produksjon har fotavtrykk, men vi skal minimere påverkinga vi har på omgivnadene våre.
Prestholmane i Stavanger kommune. 

Seinast etter brakklegging skal sjøbotnen ved lokalitetane vere tilbakeført til ein god tilstand. Samtidig skal vi bli meir energieffektive og redusere utsleppa av klimagassar betydeleg. 

Energieffektivisering og utsleppsreduksjonar 

Lakseoppdrett er ei energieffektiv form for kjøttproduksjon, sidan laksen store delar av tida svømmer i opne merdar i sjøen der vassutskiftinga skjer med naturleg vasstraum. Bremnes Seashore meiner likevel det er sentralt for at vi klarar å redusere energibruken ytterlegare. Ikkje berre vil det gjere laksen til eit meir berekraftig alternativ, men i tillegg vil vi då legge mindre press på energi som kan gå til andre berekraftige industriprosjekt. 

Medan lakseslakteriet i Kvednavikjo gjer seg klar til det store utbyggingsprosjektet, kom eit lite synleg – men viktig – tiltak for lågare energiforbruk på plass i anlegget i løpet av året. Ved å installere varmevekslarar ved kjølesystemet til utblødingstankane, får vi no varma 8 000 liter vatn til 45 grader. Vatnet blir brukt til vasking av anlegget dagleg, og tiltaket gjer at vi reduserer energibruken med om lag 100 000 kilowattimar i året 

Mette Stølheim Torsnes • driftsoperatør i Hardanger.

Bremnes Seashore har ved årsskiftet landstraum til 15 av 22 lokalitetar, mens ein lokalitet har hybriddrift. I løpet av 2021 fekk lokaliteten Prestholmane i Stavanger kommune landstraum, og arbeidet med tilkopling for Jørstadskjera blei starta opp. Dette anlegget er ferdig oppkopla i april 2022. 

Lokaliteten Loddetå har vore i drift som fullelektrisk anlegg sidan 2020, med straum frå land til elektriske arbeidsbåtar og dei energikrevjande operasjonane ute på merdane. Straumtilførsla ved landbasen på Tittelsnes i Sveio er i tillegg oppgradert for å ha større kapasitet til å lade dei elektriske båtane. Den hybridelektriske arbeidskatamaranen «Ida» arbeider ved dei tre lokalitetane i Ålfjorden, og går på elektrisk energi over 90 prosent av driftstida. 

Heilelektriske «Elisabeth» fraktar tilsette til og frå lokaliteten Loddetå med ein toppfart på 37 knop.

«Elisabeth» er vår første heilelektriske transportbåt, og kom i drift ved Loddetå i 2021. Båten er bygd ved Helgeland Plast, med elektrisk installasjon frå EVOY. Ho har toppfart på 37 knop, og fraktar dei tilsette til og frå anlegget komfortabelt og miljøvenleg. Tilbakemeldingane frå dei tilsette på elektrisk drift av lokalitet og båtar, er svært gode. 

0/22

Landstraum og hybriddrift

Landstraum til 15 av 22 lokalitetar, mens ein lokalitet har hybriddrift. Loddetå er drifta fullelektrisk.

0%

Heilelektrisk

«Elisabeth» er Bremnes Seashore sin første heilelektriske transportbåt og er i drift ved Loddetå.

Miljøet rundt anlegga 

Miljøet på sjøbotnen rundt anlegga blir jamleg undersøkt av eksterne organ i tråd med krav frå styresmaktene og sertifiseringsordningar. I tillegg er det krav om brakklegging av lokalitetane mellom kvar laksegenerasjon. I takt med at vi aukar storleiken på smolten, og derfor reduserer tida laksen står i sjø, har vi brakklagt lokalitetane i lengre periodar. 

Undersøkingar av sjøbotnen under anlegga (B-undersøkingar) blir gjort ved maksimal biomasse på lokalitetane. Ved utgangen av 2021 hadde vi god eller veldig god tilstand under 20 av 22 lokalitetar. 

Ved tildeling av nye lokalitetar gjennomfører vi ei tredjeparts konsekvensutgreiing for biologisk mangfald, der miljøet på havbotnen, verneområde og raudlisteartar blir kartlagde i områda rundt lokaliteten. Det er også gjennomført strandsonekartlegging ved Trovåg, med god tilstand som resultat. 

I løpet av 2021 er det funne elleve daude fuglar i eller ved lokalitetane våre, ein av desse er nær trua, og tre er raudlista som sårbar art. I tillegg var to fuglar funne i slik tilstand at dei måtte avlivast. Fredag 20. august hadde ei makrellstørje laga hol i ei not ved Svollandsneset, og svømt inn i merden. Det var ikkje grunn til å frykte rømming, og størja blei teken ut av merden og sendt til fiskemottak. 

Vi meiner oppdrettsnæringa må fange meir data frå drifta og miljøet ved anlegga, og i samarbeid med Bømlo-bedrifta Embicon AS bygger vi for tida ut sensorar for vasskvalitet ved anlegga våre . 

Ved utgangen av 2021 brukte vi kopar-
impregnerte nøter på éin lokalitet, medan vi brukte impregnering med sink som verkestoff på éin annan lokalitet. Vi spyler aldri nøter med kopar, og har redusert bruken betydeleg dei siste åra. 

Gode prosedyrar og varslingsrutinar, øvingar og system for kriseberedskap gjer at vi skal vere klare dersom det oppstår uventa hendingar som kan påverke miljøet. 

0/22

God tilstand på sjøbotnen

Undersøkingar av sjøbotnen under anlegga viste god tilstand på 20 av 22 lokalitetar ved utgangen av året.

1,5 tonn avfall fra skjergården

Skjærgårdsservice ryddar strandlinjene rundt anlegga i Sunnhodland på oppdrag frå Bremnes Seashore.

Avfall og ressursbruk

Vi brukte samla om lag 29,5 GWh elektrisitet og 2 850 tonn drivstoff i lakseproduksjonen gjennom året. I tillegg blei det brukt 155 tonn propan og 356 tonn CO2. 

Vassforbruket frå eigne kjelder var i 2021 på om lag 15,2 mill. m3, medan forbruket frå offentleg vassnett var på 262 186 m3. 4,6 mill. m3 sjøvatn blei brukt i produksjonen. 

Vi har drifta vår i viktige naturmiljø, og avfall frå aktivitetane våre skal ikkje hamne på avvegar. Bremnes Seashore har derfor strenge prosedyrar for kjeldesortering og returordningar for avfallet frå produksjonen vår. Alt avfall blir levert til godkjente avfallssorteringsanlegg, ensilasje frå sjøanlegga blir levert til energiproduksjon, og avfallet frå settefiskanlegget Trovåg går til Norcem. 

Reduksjon av avfallsmengde, auka sorteringsgrad og lengre levetid på innsatsfaktorar, er viktige mål framover. Og arbeidet med dette vil bli intensivert i åra som kjem. 

Merdar, tau, nøter og fôrrøyr sender vi til gjenvinning via det framsynte selskapet Oceanize, som foredlar plasten til bruk i produksjon av plastgranulat. 

Sjølv med gode prosedyrar for avfall, gir det ekstra tryggleik med ein ytre gjennomgang av områda vi har drift i. Selskapet Skjærgårdsservice ryddar skjergarden for plast og avfall, mellom anna på oppdrag frå Bremnes Seashore. To gongar i året har dei rydda ein kilometer strandlinje rundt anlegga våre i Sunnhordland. Dei finn mykje plast og avfall, både frå oppdrettsnæringa og andre kjelder. Tilbakemeldinga er at mykje av avfallet er gammalt, og at det er mindre å finna ved gjentekne besøk på same stranda. Totalt rydda Skjærgårdsservice 1,5 tonn avfall for oss i løpet av året. 

Gjennom mange år har Bremnes Seashore i tillegg bidratt til strandryddeaksjonar i alle kommunane der vi har drift. 

Damtryggleik

Bremnes Seashore har ansvar for damtryggleiken ved dei vassdraga der vi har konsesjon frå Noregs vassdrags- og energidirektorat. Tre dammar ved settefiskanlegga i Skålevik og Trovåg har konsesjon frå NVE, og ved to av vassdraga vil dambrot få meir enn ubetydelege konsekvensar. Gjennom prosedyrar, tilsyn og intern vassdragsteknisk ansvarleg følgjer Bremnes Seashore opp damtryggleiken. I 2021 gjennomførte vi hovudettersyn , der damanlegga og dokumentasjon blir gjennomgått ekstra nøye. Slike hovudettersyn blir utførte kvart sjuande år. 

Logistikk-koordinatorane Amalie Sofie Totland og Njål Eliasson i salsselskapet Sjór jaktar gode og utsleppsreduserande transportløysingar for fisken vi eksporterer.

Skal redusere klimagassutsleppa

Sjølv om oppdrettslaksen har eit lågt klimafotavtrykk samanlikna med andre formar for kjøttproduksjon, så skal Bremnes Seashore gjere vårt for at verda når målet i Parisavtalen om å avgrense temperaturauken til 1,5 prosent. Vårt mål er å redusere eigne klimagassutslepp med 45 prosent fram til 2030. 

Det er isolert sett viktig å redusere våre utslepp, men vi meiner at vi kan gi eit større bidrag ved også å vise gode løysingar. Vårt mål er derfor å sette kursen for næringa og for matproduksjon. Klimarekneskapen for 2021 viser ein reduksjon i utsleppa på 70 791,10 tonn eller 16,89 prosent samanlikna med 2020. Rekneskapen er sett opp i tråd med GHG-protokollen. 

Klimarekneskapen

20212020Endring %Endring tonn
CO2e
Scope 113 714,8710 465,7131,05 %3 249,16
Køyretøy8,235,1759,19 %3,06
Drivstofforbruk12 839,779 822,6230,72 %3 017,15
Gassar866,87637,9235,89 %228,95
Scope 2010 305,86-100 %- 10 305,86
- Energiforbruk marknadsbasert*0,0010 305,86-100 %-10 305,86
- Energiforbruk lokasjonsbasert*500,98442,4213,24 %58,56
Scope 3334 692,40398 426,80-16,00 %-63 734,40
Kjøpte varer og tenester168 045,30235 437,35-28,62 %-67 392,05
Drivstoff- og energiaktivitetar3 072,892 295,2233,88 %777,67
Avfallshandtering70,6016,85318,99 %53,75
Tenestereiser117,23142,44-17,70 %-25,21
Nedstraums transport og distribusjon163 386,38160 534,941,78 %2 851,44
Sum348 407,27419 198,37-16,89 %-70 791,10

*Bremnes Fryseri kjøpte opphavsgarantiar for straum i 2021. Dette gjer at sum utslepp i scope 2 blir 0 tonn CO2e. Konsernet brukte 26 gWh elektrisitet i 2020 og 29,5 gWh i 2021.

Reduksjonen kjem i første rekke frå lågare utslepp knytt til fôrproduksjon. Vi gjekk frå 2021 inn i Salmon Group, og samkøyrde våre fôrinnkjøp med oppdrettarnettverket. Ei viktig kjelde til reduserte utslepp var at vi med dette gjekk over til europeisk soya, som ikkje gir avskogingseffekt i klimarekneskapen. I tillegg gjer kjøp av opphavsgarantiar for innkjøpt energi at vi etter GHG-protokollen har ein betydeleg reduksjon i registrerte utslepp frå energiproduksjon frå 2021. 

Transport av laksen fram til kundane, og spesielt flyfrakt, utgjer ein betydeleg del av utsleppa i rekneskapen til konsernet. Bremnes Fryseri eig Sjór, og det er rekna inn utslepp frå eksport av eit betydeleg større volum enn Bremnes Seashore produserer sjølv. Fisk kjøpt av andre oppdrettarar, og som er slakta ved vårt slakteri, er også rekna inn. 

Alt dette gjer at vår eigen produksjon får ei relativt mindre vekt i utsleppa, men dette gjer dei ikkje mindre viktige å redusere. Der vi har direkte kontroll har vi også direkte ansvar. 

0%

Mål for 2030

Bremnes Seashore skal redusere eigne klimagassutslepp med 45 % innan 2030.

0%

Reduksjon

Klimarekneskapen viser ein utsleppsreduksjon på 16,89 prosent frå 2020 til 2021. Dette utgjer -70 791 tonn CO2e.
0
tonn CO2

Utslepp i 2021

Samla totale utslepp fra Scope 1, 2 og 3 (348 407,27 tonn).

Utsleppa i scope 3 i klimarekneskapen viser at vi må sette tydelege krav til, og arbeide i kompaniskap med, leverandørar og samarbeidspartnarar for å redusere utsleppa våre. Dette arbeidet er allereie i gang. 

Klimarekneskapen er hefta med usikkerheit, sidan det det er mange måtar å rapportere innan GHG-protokollen, og datakvaliteten er svært varierande. Vi må no i stor grad basere oss på informasjon frå leverandørar, som vi i liten grad har hatt høve til å kontrollere. Framover vil vi arbeide å styrke datakvaliteten, samtidig som vi vil sette i verk tiltak for reduksjonar fram mot 2030. •

Nærare informasjon frå drifta og klimarekneskapen finn du her: Driftsinformasjon