Asset 3

Vår etiske standard

Vår etiske standard

Kjære kollega!

Helsing frå konsernsjefen

Code of Conduct er vår etiske standard i Bremnes Seashore-konsernet, som er retningsgivande for korleis vi skal oppføre oss i arbeidskvardagen. Standarden skal bidra til at vi tar gode og rette val som samsvarer med verdiane våre: utvikling, truverd og arbeidsglede.
Linda Aase Low

For meg er menneska den viktigaste ressursen i vår verksemd, og i denne samanhengen er medarbeidarskap eit viktig omgrep. Dette inneber at leiarar og medarbeidarar tar eit felles ansvar for verksemda, samspelet og arbeidsmiljøet. Slik skapar vi ein sterk og god kultur som igjen bidrar til vidareutvikling og verdiskaping.

Konsernet er inne i ei spennande tid. Krav og forventningar aukar, ikkje berre frå oss sjølve, men frå resten av samfunnet rundt oss. Vi må ta dei rette vala og vise god forretningspraksis, slik at vi er med på å sikre omdømet til oss sjølve og næringa, drift for framtid og dermed våre eigne arbeidsplassar.

Vi skal alle gjennomføre opplæring i Code of Conduct , og den etiske standarden kan også nyttast som oppslagsverk elles i arbeidskvardagen. Husk at om du er usikker eller kjenner på ei magekjensle som gir ubehag, så spør og diskuter dilemmaet med nokon. Alle vi som er leiarar og tilsette, styremedlemmer, eigarar, tillitsvalde, verneombod, innleigde og konsulentar skal gå føre som gode eksempel. Det vi gjer i dag, skal stå seg i morgon og fleire år fram i tid.

I tillegg til mine forventningar til oss som arbeidar i konsernet har eg også høge forventingar til at alle våre leverandørar og forretningspartnarar skal vise god etisk forretningspraksis. Vi har utarbeidd ein eigen Code of Conduct for forretningspartnarar som beskriv desse forventningane.

Vi skal møte alle med respekt og bidra til eit ope og inkluderande arbeidsmiljø. Mangfald skal vere ein styrke for oss, og alle skal ha like moglegheiter!

Eg ønsker alle lukke til med det gode arbeidet – kvar dag. Saman finn vi dei gode løysingane!

Signatur Linda Aase

Linda L. Aase • Konsernsjef, Bremnes Seashore-konsernet

Kva ligg til grunn for vår etiske standard?

Vår etiske standard er basert på Bremnes Seashore-konsernets strategiske rammeverk, som blant anna beskriv organisasjonens styrande prinsipp og verdiar. Ved å legge verdiane utvikling, truverd og arbeidsglede til grunn i vårt daglege arbeid, styrker vi kulturen i selskapet.

Vårt strategiske rammeverk

Visjon – Kvar skal vi?

Vi set standarden for kvalitetslaks

Strategi – Korleis kjem vi der?

Større smoltkapasitet, differensiert utsett, ASC, auka foredlingskapasitet

Leiarprinsipp – Korleis sikre at vi lever opp til verdiane våre?

VER TILGJENGELEG

SNAKK UT

SJÅ OPP

BYGG TEAM

LØFT FRAM

Fokus – Kva må vi gjere?

Målsettingar – Korleis gjer vi det?

BEREKRAFT

Grønt havbruk

Omsorg for fisken

Berekraftig produksjon

Ansvarleg leverandørkjede

Omtanke for menneske og samfunn

VERDIAUKE

Postsmoltstrategi

Auka overleving

Fleksibelt uttak

Føretrekt slakteri

Stor kapasitet på slakteriet

STERK KOSTNADSKULTUR

Heilskapleg planlegging

Avtalelojalitet

Digitalisering

MEIRVERDI

Auka foredling

Jamnare tilgang på råstoff

Høge snittvekter

Styrande prinsipp – Kva definerer vår suksess?

LØNNSEMD

MILJØ

KVALITET

FOLK

Verdiar – Kva skal vi leve opp til?

UTVIKLING

TRUVERD

ARBEIDSGLEDE

I tillegg til vårt strategiske rammeverk, skal konsernet følge nasjonale lover og forskrifter, kvalitetsstandardane våre, samt interne prosedyrar. Våre val, avgjersler og framferd skal vere i tråd med etisk standard. Som lojale arbeidstakarar skal vi gjere det vi seier at vi gjer.

Kven er vår etiske standard for?

Vi som handlar på vegner av Bremnes Seashore-konsernet følgjer alltid vår etiske standard. Dette gjeld alle leiarar og tilsette, innleigde medarbeidarar, konsulentar og eksterne som er knytt til verksemda vår – uansett kor i verda vi er. 

Vi forventar også at deleigde selskap, leverandørar og samarbeidspartnarar til Bremnes Seashore-konsernet lever opp til vår etiske standard. 

  • Vi gjer oss kjende med vår etiske standard og prosedyrar som gjeld for vårt arbeidsområde
  • Vi spør leiar eller compliance-sjef dersom vi er usikre på noko eller har mistanke om brot på dei etiske retningslinjene.
  • Vi gjer oss kjende med vår etiske standard og prosedyrar som gjeld for vårt arbeidsområde
  • Vi spør leiar eller compliance-sjef dersom vi er usikre på noko eller har mistanke om brot på dei etiske retningslinjene.

Godt medarbeidarskap

Vårt ansvar

Medarbeidar

Vi har alle ansvar for å sette oss inn i vår etiske standard. Sidan den ikkje kan beskrive rett handlingsmåte i alle moglege situasjonar, må vi bruke sunn fornuft og god dømmekraft i tråd med våre etiske grunnprinsipp. 

Vi spør om vi er usikre på noko. Dersom vi får kjennskap til brot eller moglege brot på selskapets etiske standard eller gjeldande lover eller reglar, skal vi rapportere dette gjennom Bremnes Seashore-konsernets varslingskanal så snart som råd.

Vi har alle ansvar for å bidra til godt medarbeidarskap. Dette handlar om å ta ansvar og å bidra i oppgåver og arbeidsmiljøet i avdelinga, og ikkje overlate alt ansvar til leiar.

Leiar

Vi skal alltid gå føre med eit godt eksempel, der vår etiske standard og verdiane til konsernet er integrerte i vår personlege framferd og forretningsdrift. Vi skal skape eit ope og tillitsfullt klima i avdelinga vår, der det er trygt å ta opp spørsmål og bekymringar om etiske spørsmål og etterlevinga av etisk standard.

Vi leiar etter prinsippa ver tilgjengeleg, snakk ut, sjå opp, bygg team og løft fram  for å for å skape eit godt sosialt klima i avdelinga og legge til rette for godt medarbeidarskap.

Som leiarar skal vi sørge for at alle tilsette i avdelinga har gjennomført årleg opplæring i vår etiske standard.

Konsernet 

Ansvarleg forretningsskikk er sjølve grunnlaget for å drive verksemda vår. Det er eit ansvar vi tar svært alvorleg. Bremnes Seashore-konsernet skal gå fram med integritet og ein høg etisk standard.

Bremnes Seashore-konsernet har ansvar for at alle tilsette har opplæring i den etiske standarden vår og etterlevinga av denne, og at dei tilsette får høve til etisk refleksjon rundt eigne arbeidsoppgåver.

Vi skal behandle alle varsel på ein grundig, konfidensiell og upartisk måte. Informasjonsdeling vil berre skje til personar som undersøker saka.

Bremnes Seashore-konsernet skal skape ein trygg og mangfaldig arbeidsplass for alle tilsette og gjere oss attraktive for alle interessentar. 

  • Eg ser til at eg har gjennomført opplæring i etisk standard
  • Eg ser til at eg har gjennomført opplæring i etisk standard
  • Godt medarbeidarskap
  • Vi er alle forbilde

Ordliste

Bedrageri: Bedrageri – gjerne omtalt som svindel i daglegtale – er å skaffe seg eller andre ei urettmessig vinning ved

  • anten å lure nokon til å gjere eller unnlate å gjere noko som påfører dei tap eller fare for tap
  • å urettmessig påverke resultatet av ei automatisert databehandling.

Bedrageri kan mellom anna omfatte manipulasjon av datasystem eller rekneskap (eller annan informasjon).

Etisk standard (Code of Conduct): Eit sett av reglar som viser normer, rammer og ansvar for etiske og ansvarlege handlingar, som må følgast av alle som jobbar i, for eller på vegner av eit selskap.

Etterleving (Compliance): Etterleving handlar om korleis vi handlar i samsvar med dei etiske retningslinjene. Arbeidet vi gjer på dette området skal sikre etterleving av relevant lovverk, nasjonale og internasjonale reguleringar, samt konsernet sine interne retningslinjer. 

Diskriminering: Å behandle nokon dårlegare enn andre, for eksempel usakleg eller urimeleg forskjellsbehandling på grunnlag av kjønn, alder, etnisk opphav, nasjonalitet, religion, funksjonsevne, fagorganisering, politisk tilhøyrsel eller seksuell legning.

Etikk: Refleksjon over verdiar og normer, og grunngivinga vi gir for våre val.

Forretningspartnar: Alle som Seashore-konsernet gjer forretningar med, for eksempel leverandørar, kundar, distributørar, agentar, mellommenn, forhandlarar, konsulentar, entreprenørar og lobbyistar.

Kvitvasking: Ulike slag handlingar som medverkar til å sikre inntekt frå kriminell verksemd gjennom finanssystemet for å skjule kor pengane stammar frå.

Interessekonfliktar: Når personlege interesser kjem i vegen for, eller ser ut til å komme i vegen for interessene til Seashore-konsernet.

Interessentar: Organisasjonar eller personar som kan påverke eller bli påverka av ei sak eller ein situasjon, for eksempel eigarar, leiing, arbeidstakarar, samfunnet, kundar, konkurrentar, leverandørar, offentlege myndigheiter

Konfidensiell informasjon: Informasjon som er unntatt offentlegheit og sensitiv for Seashore-konsernet, våre tilsette og/eller forretningspartnarane våre.

Korrupsjon:  At nokon gir, mottar, aksepterer, får tilbod om, eller etterspør ein utilbørleg fordel i samband med ein posisjon, ei stilling eller eit verv. Målet med å gi ein slik fordel er typisk å påverke ei avgjersle.

Lobbyist: Person som driv påverking (lobbyverksemd) på vegner av seg sjølv, ein organisasjon eller ein interessegruppe

Mangfald: Retten til å møte andre menneske som den ein er, utan å oppleve diskriminering. I våre etiske retningslinjer legg vi vekt på fleirkulturelt mangfald, kjønns-, seksualitets- og funksjonsmangfald.

Medarbeidarskap: Medarbeidarskap inneberer at leiarar og medarbeidarar tar eit felles ansvar for verksemda, samspelet og arbeidsmiljøet. Godt medarbeidarskap er noko ein antar at kan utviklast.

Mellommann: Ein mellommann er eit selskap eller ein person som handlar på vegner av Seashore-konsernet. Dette kan vere konsulentar, entreprenørar, agentar, meklarar, forhandlarar m.m.

Menneskerettar: Grunnleggande rettar alle har, uavhengig av kjønn, alder, religion, legning, nasjonalitet eller kvar i verda ein bur. Etter andre verdskrigen blei menneskerettane formulerte i internasjonale avtalar som dei fleste landa i verda er einige om å følge.

Offentleg tenesteperson: Ein person som er utnemnd eller vald til lovgivande, administrativt eller dømmande verv, ein person som har eit offentleg embete eller stilling i eit offentleg organ eller selskap (til dømes statleg eigd selskap), eller ein representant for ein offentleg internasjonal organisasjon. 

Risiko: Potensial eller moglegheit for uønskte hendingar og tap.

Selskapsgjennomgang (due diligence): Ein arbeidsprosess og metode for å samle inn og analysere informasjon om potensielle og eksisterande forretningspartnarar, til dømes i samband med inngåing av nye forretningsrelasjonar eller avtalar.

Sponsing: Ei form for indirekte reklame, der bedrifter, organisasjonar eller offentlege institusjonar gir støtte (sponsar) for å knyte noko positivt til merkenamnet eller verksemda si.

Trakassering: Ei kvar form for uønskt  framferd mot ein annan person som skapar eit fiendtleg, skremmande, audmjukande, nedverdigande eller krenkande arbeidsmiljø, og som dermed påverkar vedkomande si verdigheit eller psykologiske velvære.

Utilbørleg fordel: Alt som mottakaren har interesse av eller kan dra fordel av. Dette kan vere økonomiske fordelar, for eksempel betalingar i kontantar eller på konto, bilar, gratisreiser, oppvarting, utført arbeid eller aksjar i selskap. Det kan også vere ikkje-økonomiske fordelar utan direkte materiell verdi, for eksempel heider og ære, løfter om framtidige kontraktar eller medlemskap i eksklusive foreiningar.

Varsling: At ein arbeidstakar seier frå om eit kritikkverdig forhold på eigen arbeidsplass og i verksemda til arbeidsgivaren. Varslingsreglane i arbeidsmiljølova presiserer at arbeidstakarar som varslar om kritikkverdige forhold, har vern mot gjengjelding.

Vår etiske standard

Etterleving