Asset 3

Menneskerettar

I Bremnes Seashore-konsernet respekterer vi menneskerettane, og behandlar alle menneske likeverdig. Drifta vår skal alltid vere i tråd med internasjonalt anerkjende menneskerettsstandardar, inkludert arbeidstakarrettar. Konsernet skal ikkje ta del i brot på menneskerettane, og vi gjer ikkje forretningar med nokon som vi veit har stått for brot på menneskerettane.

Vi sikrar trygge arbeidsforhold i alle deler av drifta vår. Vi aksepterer ikkje noko form for tvangsarbeid, og støttar avskaffinga av barnearbeid. Alle som arbeider i Seashore-konsernet skal få rettferdig betaling, og løn og arbeidstid skal alltid vere i tråd med nasjonal og internasjonal lovgiving og industristandardar.

Konsernet respekterer ytringsfridomen, organisasjonsfridomen og retten til kollektive forhandlingar. Det betyr at alle tilsette i konsernet har rett til å stifte eller melde seg inn i arbeidstakarorganisasjonar.

Les vår rapport etter openheitslova for 2023 her

  • Eg melder frå om handlingar eller praksis som kan føre til brot på menneskerettane hos oss eller i leverandørkjeda

Vår etiske standard

Etterleving