Asset 3

Rettferdig konkurranse

Vi arbeider etter prinsippa om fri og rettferdig konkurranse. Avgjersla om kven vi handlar med, og prisane for våre produkt og tenester, ligg åleine hos Bremnes Seashore-konsernet. Samtidig skal vi ikkje prøve å påverke våre konkurrentar, eller delta i samarbeid som avgrensar konkurransen og kan vere brot på konkurranselovgivinga. Vi deltar heller ikkje i drøftingar som har formål om å dele marknader eller landområde mellom oss og konkurrentar.

Vi avgrensar kommunikasjonen med konkurrentar og potensielle konkurrentar, og deler ikkje kommersielt sensitiv informasjon. Ingen tilsette i Bremnes Seashore-konsernet skal delta i diskusjonar eller samhandling med ein konkurrent som kan utgjere brot på konkurranselovgivinga. Slike diskusjonar kan til dømes vere drøftingar om prisar, strategiar eller forretningstaktikk.

Dersom vi blir kontakta for å drøfte tema som kan vere brot på konkurranselovgivinga, skal vi ikkje svare, men med ein gong melde dette til compliance-sjef.

  • Eg delar ikkje kommersielt sensitiv informasjon med konkurrentar
  • Eg avtalar aldri prisar eller marknadsdeling med konkurrentar

Dok.id 5994 Policy for informasjonsutveksling (konkurranserett)

Meld frå til compliance-sjef dersom det oppstår ein situasjon som du er usikker på.

 

Vår etiske standard

Etterleving