Asset 3

Indirekte korrupsjon og påverknadshandel

I Seashore-konsernet har vi nulltoleranse for korrupsjon. Dette omfattar også indirekte korrupsjon og påverknadshandel.

Indirekte korrupsjon er når ein mellommann gir bestikkingar på vegner av andre. Om for eksempel ein agent, eksportør eller konsulent gir bestikkingar på vegner av ein klient, er dette eksempel på indirekte korrupsjon.

Påverknadshandel er nok ei form for korrupsjon, og føregår ved at nokon engasjerer ein mellommann for å påverke ein tredjeperson. Eit eksempel på dette er der eit firma betalar ein tilsett i eit anna firma for å påverke ein av sine kollegaer, og der kollegaen som blir påverka ikkje er klar over dette.

For å unngå risikoen for indirekte korrupsjon, vil Seashore-konsernet nøye vurdere og følge opp våre forretnings- og samarbeidspartnarar. Vi skal også unngå alle formar for påverknadshandel. Dersom vi tar i bruk lobbyistar eller liknande, så skal dette godkjennast av compliance-sjef og alltid skje med full openheit om at personane arbeider på vegner av Seashore-konsernet.

  • Eg skal aldri ta del i indirekte korrupsjon eller påverknadshandel

Det er ulovleg å få nokon til å påverke beslutningstakarar i det skjulte

Vår etiske standard

Etterleving