Asset 3

Offentlege tenestepersonar

Samhandling med offentlege tenestepersonar krev særleg merksemd. Vi som arbeider i Bremnes Seashore-konsernet, skal derfor aldri gi noko form for gåver eller representasjon til offentlege tenestepersonar utan at det er godkjent av compliance-sjef i kvart tilfelle.

Med «offentleg tenesteperson» meiner vi ein person som er utnemnd eller vald til lovgivande, administrativt eller dømmande verv, person som har eit offentleg embete eller stilling i eit offentleg organ eller selskap (til dømes statleg eigd selskap), eller ein representant for ein offentleg internasjonal organisasjon. Vi legg tilsvarande standard til grunn også for inspektørar som representerer klasseselskap, sertifiseringsordningar og kundar.

  • Eg gir aldri gåver eller representasjon til offentlege tenestepersonar

Vår etiske standard

Etterleving