Asset 3

Etterleving

Etterleving

Vi bryr oss om folk

Helse, miljø og sikkerheit

HMS er kontinuerlig forbetring, og vi har kvar og ein eit personleg ansvar for å gå føre som gode eksempel i arbeidskvardagen vår og delta i det førebyggande arbeidet.

I tråd med medverknadsplikta bidrar vi i HMS-arbeidet gjennom å vere årvakne for farlege forhold og å melde frå om desse før vi eller kollegaer skadar oss.

Vi jobbar i ei bedrift der fleire avdelingar har høgare risiko for skadar og ulykker. Her er vi ekstra bevisste på farar og risikomoment, og tar gode val sånn at vi unngår snarvegar og farlege situasjonar.

«Trygt heim» er konsernets filosofi for ein sikker arbeidskvardag. Vi skal jobbe så trygt at vi kjem trygt heim – kvar dag. Det inneber bruk av rett verneutstyr der dette er påbode, og at vi vel arbeidsmetodar som reduserer sjansen for risikofylt framferd.

Vi har òg eit ansvar for å bidra inn i det sosiale fellesskapet, slik at vi skaper gode arbeidsmiljø i avdelingane. Dette gir arbeidsglede og auka trivsel på jobben.

  • Eg melder frå om forhold som kan føre til personskade
  • Eg melder inn personskadar
  • Eg brukar alltid pålagt verneutstyr
  • Eg medverkar til eit betre arbeidsmiljø

Arbeidsreglement

App for innmelding av sikkerhetsobservasjonar

Dok.id 0104 Instruks for bruk av verne- og sikkerhetsutstyr

Nødinstruksar for oppdrett og fabrikk

Medverkingsplikta vår

Eg skal kjenne til risikoane i mi avdeling

Vi gjer det som er rett – forretningspraksisen vår

Korrupsjon og bestikkingar

I Bremnes Seashore-konsernet har vi nulltoleranse for korrupsjon. Dette betyr at ingen tilsette i konsernet skal vere involvert i korrupsjon, verken direkte eller via mellommenn.

Korrupsjon er at nokon gir, tar imot, aksepterer, får tilbod om, eller etterspør ein utilbørleg fordel i samband med ein posisjon, ei stilling eller eit verv.

Kva som er korrupsjon, må definerast i kvar einskild sak basert på til dømes formålet med tilbodet eller etterspurnaden, verdien, mottakaren sin posisjon og kor open handlinga er. Som ei generell retningslinje er eit tilbod eller ein fordel korrupsjon dersom det kan påverke, eller oppfattast til å påverke, mottakaren si evne til å ta fornuftige og objektive avgjersler. Eit godt kontrollspørsmål er om handlinga eller situasjonen toler offentlegheitas lys. Er du usikker eller kjem i ei gråsone for korrupsjon, ta kontakt med compliance-sjef.

Dersom ein person eller eit selskap betalar ein offentleg tenesteperson pengar som motyting for å få ein offentleg kontrakt eller lisens, kallar vi det bestikking. Dette er ei vanleg form for korrupsjon. Vi skal aldri foreslå, tilby, gi eller ta imot bestikkingar eller andre fordelar i vår kontakt med offentlege styresmakter eller noverande og potensielle forretningsforbindelsar.

  • Eg skal aldri foreslå, tilby, gi, etterspør eller ta imot bestikkingar eller andre fordelar

Norsk korrupsjonslovgiving gjeld også i utlandet, sidan Bremnes Seashore-konsernet har hovudkontor i Noreg

Gåver, representasjon og kostnadsdekking

For å sikre at vi etterlever anti-korrupsjonslovene, har vi strenge reglar for når vi i Bremnes Seashore-konsernet kan gi eller ta imot gåver eller representasjon i samhandlinga med forretningsforbindelsar.

Avhengig av omstenda kan gåver, representasjon og dekking av kostnader vere fordelar som kan bli rekna som korrupsjon. Omgrepet «representasjon» inkluderer til dømes underhaldning, restaurantbesøk, reiser og opphald. Moderat møtemat går utanom omgrepet.

Vi som arbeider i Bremnes Seashore-konsernet skal vere forsiktige med å gi eller ta imot gåver. Gåver frå Seashore-konsernet skal på førehand godkjennast av compliance-sjef. Dersom vi tek imot gåver, skal dei vere av moderat verdi – maksimalt 500 norske kroner. Beløpsgrensa gjeld for alle gåver frå same givar per år. Det er alltid forbode å gi eller ta imot pengar. Tidspunktet for gåva må vere passande.

Vi som arbeider i Bremnes Seashore-konsernet, kan berre gi eller ta imot representasjon med forretningsforbindelsar der det er ein tydeleg og legitim forretningsmessig grunn for det, og der representasjonen er moderat i form av kor ofte og kor stor verdi han har. Staden og tidspunktet må også vere passande.

Som hovudregel dekker Bremnes Seashore-konsernet reise, opphald og andre tilhøyrande kostnader for alle som arbeider i Seashore-konsernet, i tråd med våre interne prosedyrar og reisereglement. Våre forretningsforbindelsar dekker tilsvarande kostnader for sine tilsette.

  • Eg avklarar alle formar for representasjon og gåver med leiar på førehand

Representasjon skal ha ein tydeleg og legitim forretningsmessig grunn, og vere moderat og passande i kostnad og tidspunkt.

Føremålet med representasjonen skal dokumenterast i reiserekninga.

Oppfølging av forretningforbindelsar

For å sikre at verksemda vår følger prinsippa i vår etiske standard, set vi også krav til at forretningsforbindelsane våre skal ha etisk forretningsdrift og følge lover og reglar. Vi har derfor teke i bruk ein prosedyre for selskapsgjennomgang av forretningsforbindelsar og deira integritet, som gir nærare rettleiing.

  • Eg veit alltid den fulle identiteten til dei eg handlar med
  • Eg følgjer prosedyren for selskapsgjennomgang og oppfølgjing – forretningspartnarar og integritet

Dok.id 5617 Prosedyre for selskapsgjennomgang og oppfølgjing – forretningspartnarar og integritet i internkontrollsystemet.

Det henvisast til Code of Conduct i generelle avtalevilkår.

Omdømet vårt kan bli påverka av uetisk eller ulovleg verksemd frå forretningspartnarar, og me kan bli stilt til ansvar for deira handlingar

Vi vernar om konsernet vårt

Vår etiske standard