Asset 3

Gåver, representasjon og kostnadsdekking

For å sikre at vi etterlever anti-korrupsjonslovene, har vi strenge reglar for når vi i Bremnes Seashore-konsernet kan gi eller ta imot gåver eller representasjon i samhandlinga med forretningsforbindelsar.

Avhengig av omstenda kan gåver, representasjon og dekking av kostnader vere fordelar som kan bli rekna som korrupsjon. Omgrepet «representasjon» inkluderer til dømes underhaldning, restaurantbesøk, reiser og opphald. Moderat møtemat går utanom omgrepet.

Vi som arbeider i Bremnes Seashore-konsernet skal vere forsiktige med å gi eller ta imot gåver. Gåver frå Seashore-konsernet skal på førehand godkjennast av compliance-sjef. Dersom vi tek imot gåver, skal dei vere av moderat verdi – maksimalt 500 norske kroner. Beløpsgrensa gjeld for alle gåver frå same givar per år. Det er alltid forbode å gi eller ta imot pengar. Tidspunktet for gåva må vere passande.

Vi som arbeider i Bremnes Seashore-konsernet, kan berre gi eller ta imot representasjon med forretningsforbindelsar der det er ein tydeleg og legitim forretningsmessig grunn for det, og der representasjonen er moderat i form av kor ofte og kor stor verdi han har. Staden og tidspunktet må også vere passande.

Som hovudregel dekker Bremnes Seashore-konsernet reise, opphald og andre tilhøyrande kostnader for alle som arbeider i Seashore-konsernet, i tråd med våre interne prosedyrar og reisereglement. Våre forretningsforbindelsar dekker tilsvarande kostnader for sine tilsette.

  • Eg avklarar alle formar for representasjon og gåver med leiar på førehand

Representasjon skal ha ein tydeleg og legitim forretningsmessig grunn, og vere moderat og passande i kostnad og tidspunkt.

Føremålet med representasjonen skal dokumenterast i reiserekninga.

Vår etiske standard

Etterleving