Medarbeidar
Vi har alle ansvar for å sette oss inn i vår etiske standard. Sidan den ikkje kan beskrive rett handlingsmåte i alle moglege situasjonar, må vi bruke sunn fornuft og god dømmekraft i tråd med våre etiske grunnprinsipp.
Vi spør om vi er usikre på noko. Dersom vi får kjennskap til brot eller moglege brot på selskapets etiske standard eller gjeldande lover eller reglar, skal vi rapportere dette gjennom Bremnes Seashore-konsernets varslingskanal så snart som råd.
Vi har alle ansvar for å bidra til godt medarbeidarskap. Dette handlar om å ta ansvar og å bidra i oppgåver og arbeidsmiljøet i avdelinga, og ikkje overlate alt ansvar til leiar.
Leiar
Vi skal alltid gå føre med eit godt eksempel, der vår etiske standard og verdiane til konsernet er integrerte i vår personlege framferd og forretningsdrift. Vi skal skape eit ope og tillitsfullt klima i avdelinga vår, der det er trygt å ta opp spørsmål og bekymringar om etiske spørsmål og etterlevinga av etisk standard.
Vi leiar etter prinsippa ver tilgjengeleg, snakk ut, sjå opp, bygg team og løft fram – for å for å skape eit godt sosialt klima i avdelinga og legge til rette for godt medarbeidarskap.
Som leiarar skal vi sørge for at alle tilsette i avdelinga har gjennomført årleg opplæring i vår etiske standard.
Konsernet
Ansvarleg forretningsskikk er sjølve grunnlaget for å drive verksemda vår. Det er eit ansvar vi tar svært alvorleg. Bremnes Seashore-konsernet skal gå fram med integritet og ein høg etisk standard.
Bremnes Seashore-konsernet har ansvar for at alle tilsette har opplæring i den etiske standarden vår og etterlevinga av denne, og at dei tilsette får høve til etisk refleksjon rundt eigne arbeidsoppgåver.
Vi skal behandle alle varsel på ein grundig, konfidensiell og upartisk måte. Informasjonsdeling vil berre skje til personar som undersøker saka.
Bremnes Seashore-konsernet skal skape ein trygg og mangfaldig arbeidsplass for alle tilsette og gjere oss attraktive for alle interessentar.