Samfunnsansvar

Bremnes Seashore-konsernet skal vere ei positiv kraft i lokalsamfunna der vi har drift. Vi skal derfor ha ein god dialog og samarbeid med lokalsamfunna og interessentar rundt anlegga våre. Gjennom arbeidsplassar, innkjøp og sponsorarbeid skal vi bidra til livskraftige og mangfaldige lokalmiljø langs kysten. Vi sørger alltid for at rapportering og anna informasjon til styresmaktene […]

Sponsortildelingar

Bremnes Seashore-konsernet gir berre sponsormidlar når det er i tråd med konsernets etiske standard og retningslinjene våre for sponsormidlar, og sponsinga er basert på legitime forretningsinteresser og samfunnsansvaret vårt. Sponsormidlar skal ikkje kunne påverke personar eller organisasjonar til å handle på ein særskilt måte. Vi skal også vere særskilt merksame når mottakarar har nære band […]

Mangfald

I Bremnes Seashore-konsernet aksepterer vi ikkje noko form for diskriminering. Diskriminering omfattar forskjellsbehandling eller utestenging basert på kjønn, alder, etnisk opphav, nasjonalitet, religion, funksjonsevne, fagorganisering, politisk tilhøyrsel eller seksuell legning. Vi aksepterer heller ikkje noko form for trakassering eller handlingar som kan oppfattast som støytande eller trugande – for eksempel uønskte seksuelle tilnærmingar.

Menneskerettar

I Bremnes Seashore-konsernet respekterer vi menneskerettane, og behandlar alle menneske likeverdig. Drifta vår skal alltid vere i tråd med internasjonalt anerkjende menneskerettsstandardar, inkludert arbeidstakarrettar. Konsernet skal ikkje ta del i brot på menneskerettane, og vi gjer ikkje forretningar med nokon som vi veit har stått for brot på menneskerettane. Vi sikrar trygge arbeidsforhold i alle […]

Bruk av alkohol og narkotika

Bremnes Seashore-konsernet er ein rusfri arbeidsplass, og vi aksepterer ikkje at tilsette er påverka av narkotika eller alkohol på jobb. I sosiale samanhengar kan representantar for konsernet konsumere moderate mengder alkohol der dette er forventa og passande. Alkoholbruk blir aldri akseptert som gyldig grunn for å bryte dei etiske retningslinjene. I samarbeid med AKAN jobbar […]

Helse, miljø og sikkerheit

HMS er kontinuerlig forbetring, og vi har kvar og ein eit personleg ansvar for å gå føre som gode eksempel i arbeidskvardagen vår og delta i det førebyggande arbeidet. I tråd med medverknadsplikta bidrar vi i HMS-arbeidet gjennom å vere årvakne for farlege forhold og å melde frå om desse før vi eller kollegaer skadar […]

Oppfølging av forretningforbindelsar

For å sikre at verksemda vår følger prinsippa i vår etiske standard, set vi også krav til at forretningsforbindelsane våre skal ha etisk forretningsdrift og følge lover og reglar. Vi har derfor teke i bruk ein prosedyre for selskapsgjennomgang av forretningsforbindelsar og deira integritet, som gir nærare rettleiing.

Bedrageri

Bedrageri – gjerne omtalt som svindel i daglegtale – å skaffe seg eller andre ei urettmessig vinning ved anten å lure nokon til å gjere eller unnlate å gjere noko som påfører dei tap eller fare for tap, eller urettmessig påverke resulatet av ei automatisert databehandling. Bedrageri kan mellom anna omfatte manipulasjon av datasystem eller […]

Eksportkontroll og sanksjonar

Statar har vanlegvis lover som regulerer eksport av varer, tenester, menneske og teknologi. Eksportrestriksjonar kan vere innførte på grunn av norske eller internasjonale sanksjonar mot eit anna land eller personar. Bremnes Seashore-konsernet skal alltid etterleve alle aktuelle sanksjonar og lover om eksportkontroll. Vi undersøker derfor alltid lister over eksportrestriksjonar før vi gjer avtalar med nye […]

Rettferdig konkurranse

Vi arbeider etter prinsippa om fri og rettferdig konkurranse. Avgjersla om kven vi handlar med, og prisane for våre produkt og tenester, ligg åleine hos Bremnes Seashore-konsernet. Samtidig skal vi ikkje prøve å påverke våre konkurrentar, eller delta i samarbeid som avgrensar konkurransen og kan vere brot på konkurranselovgivinga. Vi deltar heller ikkje i drøftingar […]

Anti-kvitvasking

Kvitvasking er ulike slag handlingar som medverkar til å sikre inntekt frå kriminell verksemd gjennom finanssystemet for å skjule kor pengane stammar frå. Utbyttet kan vere alt som har ein verdi, for eksempel pengar, produkt, eigedelar eller eigedomar, og kan oppstå i mange former og transaksjonar. Kvitvasking er ulovleg og uetisk, og i Bremnes Seashore-konsernet […]

Interessekonfliktar

Ei interessekonflikt kan oppstå når nokon har personlege interesser som kan påverke deira profesjonelle framferd. Vi i Bremnes Seashore-konsernet har ansvar for straks å varsle leiaren vår om potensielle interessekonfliktar. Ved potensielle interessekonfliktar må Bremnes Seashore-konsernet vurdere om dette kan påverke den tilsette sin lojalitet til konsernet. Det kan vere vanskeleg å vurdere eigen situasjon, […]