Offentlege tenestepersonar

Samhandling med offentlege tenestepersonar krev særleg merksemd. Vi som arbeider i Bremnes Seashore-konsernet, skal derfor aldri gi noko form for gåver eller representasjon til offentlege tenestepersonar utan at det er godkjent av internadvokat i kvart tilfelle. Med «offentleg tenesteperson» meiner vi ein person som er utnemnd eller vald til lovgivande, administrativt eller dømmande verv, person som har […]

Gåver, representasjon og kostnadsdekking

For å sikre at vi etterlever anti-korrupsjonslovene, har vi strenge reglar for når vi i Bremnes Seashore-konsernet kan gi eller ta imot gåver eller representasjon i samhandlinga med forretningsforbindelsar. Avhengig av omstenda kan gåver, representasjon og dekking av kostnader vere fordelar som kan bli rekna som korrupsjon. Omgrepet «representasjon» inkluderer til dømes underhaldning, restaurantbesøk, reiser […]

Indirekte korrupsjon og påverknadshandel

I Seashore-konsernet har vi nulltoleranse for korrupsjon. Dette omfattar også indirekte korrupsjon og påverknadshandel. Indirekte korrupsjon er når ein mellommann gir bestikkingar på vegner av andre. Om for eksempel ein agent, eksportør eller konsulent gir bestikkingar på vegner av ein klient, er dette eksempel på indirekte korrupsjon. Påverknadshandel er nok ei form for korrupsjon, og […]

Korrupsjon og bestikkingar

I Bremnes Seashore-konsernet har vi nulltoleranse for korrupsjon. Dette betyr at ingen tilsette i konsernet skal vere involvert i korrupsjon, verken direkte eller via mellommenn. Korrupsjon er at nokon gir, tar imot, aksepterer, får tilbod om, eller etterspør ein utilbørleg fordel i samband med ein posisjon, ei stilling eller eit verv. Kva som er korrupsjon, […]

Ytre miljø og fiskevelferd

Bremnes Seashore-konsernet støttar føre-var-prinsippet for miljøutfordringar, og kartlegg systematisk korleis drifta vår påverkar miljøet. Vi identifiserer og handterer potensiell miljørisiko, og informerer relevante interessentar om risikoane. Konsernet tar stadig større miljøansvar gjennom utvikling og bruk av meir miljøvenlege teknologiar og metodar. Vi skal redusere miljøpåverknaden vår gjennom berekraftig bruk av naturressursar, redusert matsvinn og redusert […]

Intern og ekstern kommunikasjon

Seanett via Workvivo er Bremnes Seashore-konsernet sin interne kommunikasjonsplattform. I ekstern kommunikasjon gjer vi det alltid tydeleg at vi ytrar oss som privatpersonar når vi deltek i det offentlege ordskiftet, i politisk verksemd eller i andre aktivitetar i tråd med ytringsfridomen vår. Vi skal ikkje gi inntrykk av at vi ytrar oss på vegner av […]

Immaterielle rettar

Bremnes Seashore-konsernet eig forretnings- og bedriftshemmelegheiter, knowhow, patentar, varemerke, design og opphavsrettar. Samla blir desse kalla ikkje-materielle eller immaterielle rettar. Desse rettane har stor verdi for oss, og konsernet er derfor opptatt av å verne om dei.

Vern av selskapsinformasjon

I arbeidet får vi tilgang til og produserer informasjon som er viktig for konsernet. Denne informasjonen kan også vere av verdi for våre konkurrentar og andre. Slik informasjon kan til dømes vere prisar, kundelister, produksjonsdata, strategiarog arbeidsmåtar. Vi har derfor teieplikt om slik informasjon, også etter at vi har slutta i konsernet. Vi kan gjennom […]

Personvern og vern av data

Personvernreglane vernar integriteten og konfidensialiteten til privat informasjon. Vi tar vare på personvernet til tilsette og andre vi kjem i kontakt med. Vi brukar berre personopplysningar der det er nødvendig, og opplysningane blir behandla i tråd med personvernlovgivinga og våre interne prosedyrar. Nettangrep og anna vondsinna aktivitet er ein kontinuerleg trussel, og dataangrep kan få […]